top of page

Livskvalitet på blå resept

Det handlar om ein kvardag med glede og meining, 

tilfredsheit, tryggleik og tilhøyrsle - det handlar om det som gjev livet verdi!

 

Livskvalitet kan målast på mange måtar. Vi i Xform meiner at kvaliteten på heimen din og omgjevnadane rundt har stor verknad på korleis du har det. Med gjennomtenkt arkitektur, høg kvalitet, gode løysingar og bonusfunksjonar som privat hagestove, frodig takterrasse, ekstra gjesterom og ei inviterande felles storstove trur vi Apotekargarden vil gje deg høg livskvalitet.

 

Her skal kvardagen vere avslappa og komfortabel. Du skal sleppe å tenkje på vedlikehald. Det har vi gjort for deg slik at du kan bruke tida på det du har lyst til. Kanskje vil du lene deg tilbake i godstolen for ei roleg stund med favorittboka i hagestova? Vere sosial med vener og familie i storstova eller på takterrassen, eller kanskje du heller vil snøre på deg fjellskoa og ta ein tur opp Hafstadkleiva før du møter gode vener for ein kaffikopp på Kunstmuseet? 

 

I Apotekargarden kan du leve eit urbant liv med nærleik til alt det eit sentrum kan tilby. 

Vi kallar det 
- livskvalitet på blå resept -
Livskvalitet på blå resept
Apotekargarden

APOTEKARGARDEN

I 2018 fekk Xform Førde kommune sin byggeskikkspris for Ullsentralen. Det er eit kvalitetsstempel vi er stolte over. Vi gler oss til nok ein gong å ta fatt på eit særprega bustadprosjekt. Apotekargarden blir ein framtidsretta urban bygard i hjartet av nye Sunnfjord kommune.

 

Apotekargarden kombinerar:

- næringsareal i dei to nedre etasjane

- omsorgsbustadar for eldre i 3. etasje (+ 2stk i 4. og 5.etg)

 -19 sjølveigande bustader i 4. - 6. etasje

- parkeringsgarasje

 

Behovet for bustadareal er individuelt hos kvar einskild. Nokre treng stor plass, andre ønskjer mindre. Funksjon og fokus på gjennomtenkte løysingar er stikkord for alle bustadane. I garden finn du bustader i storleik frå 22 til 100 kvm. Xform sin dyktige interiørarkitekt har utarbeida vakre konsept for interiør og overflater.Dettesikrar ein heilhetleg og konseptuell heim, utan ein dyr tilvalsprosess. 

 

Kvar bustad, med unntak av dei minste, har eiga romsleg hagestove. Dei er godt skjerma for innsyn frå naboane og omgjevnadane. Om du ønskjer å treffe naboane dine er det berre å ta turen ut på takterrassen. Der er du midt i sentrum, men likevel tilbaketrekt og skjerma med frodige plantar, sittegrupper, pergola, utekjøkken og leikeareal. 

 

Når kvelden kjem og kulda sig på ønskjer du kanskje å trekkje innomhus? Då er det varmt og godt å slå seg ned i «Skravlehjørnet». Den finn du i første etasje, innreia med tanke på ulike aktivitetar og sosialt samvær. Passar perfekt for kaffislabberas, spillkveld, vinkurs eller storfeiring av jubilant– for å nemne nokre døme.

Christina Kvamme - dagleg leiar Xform Eiendom AS

Berekraftig arkitektur

BEREKRAFTIG

ARKITEKTUR

På same måte som Førde har utvikla seg i takt med tid og situasjon, har også Langebruvegen 15-17 vore i stadig utvikling gjennom åra som har gått. Det har vore mange byggetrinn undervegs, noko adressa vitnar om.

 

Apotekargarden fortel ei historie om tradisjon for endring. Tida er no komen for å bringe nytt liv inn i den gamle bygardensom ligg langs ei av Førde sine historiske byaksar. Eksisterande bygningsmasse skal transformerast for å møte framtida. Fortetting og gjenbruk er bærekraftig og god byutvikling.Prosjektet har kvalitetar som legg til rette for auka konsentrasjon, intensitet og mangfald i denne delen av sentrum. Dette vil vere med på å gje området særpreg og arkitektoniske kvalitetar. 

 

Apotekargarden vert eit byutviklingsprosjekt utbyggarar, arkitektar, bebuarar, besøkande og Førdianar kan vere stolte av!

Arkitekten sine tankar

ARKITEKTEN SINE TANKAR

 Det vert ikkje mykje igjen av eksisterande bygg når Apotekargarden er ferdigstilt. Det er ikkje mogleg med dagens krav. Vi er likevel nøgde med at garden vert eit urbant, bærekraftig bygg som bidreg til framtidsretta byutvikling og revitalisering av det som ein gong var Førde si mest sentrale byakse. Vi gler oss også til at Langebruvegen vert ein møblert og triveleg bygate. Ei flott ramme for eit godt liv!

 

Apotekargarden er inspirert av dei mjuke kurvane og linjeføringane i art deco-stilen  frå 1920- og 30-talet. Dette kjem mellom anna til uttrykk i balkongane som bølgar inn og ut langs fasaden og gjev bygget eit spennande, men samtidig mjukt og beherska uttrykk. 

 

Som alltid har vi fokus på god funksjonalitet og høge materialkvalitetar. Apotekargarden skal vere eit bygg som eldast med verdigheit. Mørk puss framhevar garden sin kraft og kurvande former. Dekorative haldbare plater med imitert trestruktur gjev varme og eleganse i hagestovene, og vert også nytta på fasadar i samband med inngangsparti. Lyssetjing er med på å understreke bygget sin signatur.

Xform er arkitektane som vart eigedomsutviklarar! 

Det seier seg då sjølv at dei har fokus på arkitektur, kvalitet og funksjon.

I hjartet av Førde

I HJARTET

AV FØRDE

I Apotekargarden bur du urbant og særeige, midt i hjartet av Førde. 

Alt du treng finn du i kort gangavstand i nabolaget. 

 

Med ein bustad i Apotekargarden er du nær alt du treng for å ha det godt. Det er kort veg til kafé og restaurantar. Kort veg til butikkar og tenester. Kort veg til parkar, rekreasjonsområde. Kort veg til arbeid og skule. Kort veg til offentlege kontor, busstasjon og helsetenester. Kort veg til daglegvarebutikken - du treng knapt gå ut av huset når du skal på Domus for å kjøpe poteter! 

Med andre ord, kort veg til det meste!

Nokre ville ha kalla dette luksus.
Vi kallar det
- Livskvalitet på blå resept -
bottom of page