INTERIØRARKITEKTEN SINE TANKAR

Vi menneske er sansande vesen - vi vert påverka av omgjevnadane rundt oss; av fargar, material, form og lys. Vi tilbring mykje tid i heimen, og den er difor ein viktig faktor for om vi har det bra! 

 

Heimen er ein viktig del av identiteten vår. Dette kjem mellom anna til uttrykk gjennom utforming og val av materialar, fargar og inventar. Det er viktig for oss at heimen din er trygg og funksjonell og at det er rom for avkobling og samvær. Vi har lagt til rette for at du kan velje mellom ulike interiørkonsept. Dette gjev deg moglegheit til å velje ei bustad med eit heilskapleg konsept, utan at du som kjøpar sjølv må gjennom ein prosess med kostbare tilval.

 

Kjøp av bustad med Xform som arkitekt skal vere ei hyggeleg oppleving der du kjenner deg godt ivareteke og der valmoglegheitene gjev deg ein heim med kvalitet som passar deg!

Sara Ødven - interiørarkitekt og salsansvarleg

VAL AV

INTERIØRKONSEPT

1:  «SAKLEG»

Dette konseptet inneheld ei løysing av god kvalitet. Vi har teke valet for deg. Konseptet gjev ikkje moglegheit for tilval, men er kvitt & kurant! 

3: «DUS FARGEFEST»  eller 

«LUNT & JORDNÆRT»

Dette er alterativet for deg som ynskjer eit interiørkonsept utan ein prosess med tilval. Du kan velje blandt to konsept som er utarbeida av Xform sin interiørarkitekt, i anten”dus” eller "lun" stil.

4: «INTERIØRARKITEKTEN»

Val av farge og overflater på golv, kjøkken, bad og fargar vert gjort saman med Xform sin interiørarkitekt. Dette konseptet gjev deg også moglegheit til å velje frå Xform sine leverandørar gjennom ein tilvalsprosess. 

 

SAKLEG

Dette konseptet gjev deg eit lyst og kvitt utgangspunkt. Veggar,  himlingar og innreiing har kvite og nøytrale overflater, og golvet har ein lys eik-utsjånad. 

DUS

FARGEFEST

Dette konseptet gjev deg eit dempa men fargerikt utgangspunkt. Du kan velje blant 7 konsept-fargar. Golvet har ein lys eik-utsjånad, og kjøkken-frontar i eik og kvit.

LUNT & JORDNÆRT

Dette konseptet gjev deg eit lunt og varmt utgangspunkt. Du kan velje blant 7 konsept-fargar. Golvet har ein mørk eik-utsjånad, og kjøkkenfrontar i beige.

INTERIØR-

ARKITEKTEN

Dette konseptet gjev deg moglegheita til å setje ditt eige preg på heimen din i samråd med vår interiørarkitekt. Dette vert gjort gjennom ein tilvalsprosess.

 

HAGESTOVA

Med ein bustad i Apotekargarden treng du ikkje tenkje på saknet av dei gode stundene i hagen. Dei fleste bustadane får ei privat hagestove som du kan innreie og bruke akkurat som du vil.

 

Hagestova er eit ekstra rom du kan nytte heile året. Likar du tanken på å nyte morgonkaffien ute eller avslutte dagen med ei god bok i måneskin, utan omsyn til vêret? Då vil dette garantert bli ditt nye favorittrom. Uansett årstid vil hagestova by på kvalitetstid. Medan solstrålane varmar deg i sommarmånadane, vil du om vinteren kunne sitte lunt og godt med utsyn over Førde sitt tak.

 

Du vil ha plass til spisebord i hagestova, og kan såleis samle familie og venner anten det er julefeiring eller grillfest. Støy, trekk og vêr vil ikkje vere eit tema - du stenger glasveggane etter behov. Hagestova gjev deg gode opplevingar midt i Førde sentrum, samtidig som den er skjerma og privat.

 

STORSTOVA

«Det var fint at du kom. 

Ser du, frå tid til anna blir det litt stusseleg å sitte sånn og kun være til»   

Ole Paus

Apotekargarden helsar fellesskapet velkommen. Vi ønskjer at den urbane bygarden i hjartet av Sunnfjord skal bli eit samlingspunkt for bebuare.

 

Vi kan ikkje legge skjul på at kvadratmeter kostar. I Apotekargarden har vi difor lagt stor vekt på smarte og arealeffektive bustader med gode fellesløysingar. I første etasje kan du nytte deg av eit stort fellesareal «Skravlehjørnet». Kall det gjerne storstova, lobbyen eller kafeen - her kan ein møtast for ein kaffi, sjå fotball på storskjerm eller engasjere seg i andre sosiale aktivitetar! På dagtid vert storstova disponert av næring. Storstova har eit konsept med høg kvalitet og med ulike soner.

 

I kvar etasje finn du også eit gjesterom som du kan booke når du får familie og vener på besøk. 

Kanskje du då ikkje treng så stor bustad likevel?

 

TAKTERRASSEN

Eit godt bumiljø - også utandørs - gjev auka verdi og livsglede!

 

På toppen av Apotekargarden finn du takterrassen som vil vere eit gode for ”nabolaget”, med eit lite utekjøkken, sittegrupper,  pergola og leikeareal. Terrassen innbyr både til privat og felles hygge. Også her er kvalitet i fokus; materialbruken er gjennomført og gjev ei heilskapleg,

god atmosfære. 

 

Blomsterkassar, kunstgras og helledekte område skapar ulike soner der du kan slappe av medan bylivet pulserar under deg.  Kva med å samle naboane til grillfest på taket?

Eller til eit slag boccia ein solfylt dag?

 

PARKERING

& BOD

Om du ynskjer å zoome inn eller ha utskrift,

last ned PDF´ar av kjellar og utomhusareal her:

  • White Facebook Icon
  • White Instagram Icon

Sara mob.: 976 25 028

E-post: sara@xform.no

Christina mob.: 913 04 300

E-post: ck@xform.no

Hafstadvegen 15, 6800 Førde

xform.no